Årsmøtet 2007..

REFERAT

fra årsmøtet i Lindåsneset skyttarlag 18. febr. 2007.

Møtet vart halde i Umbrella Club, Mongstad kl. 15.00. Det møtte 7 medlemmar.

1. Godkienning av innkallinga.

Formannen gjorde greie for formelle tidsfristar som gjeld og viste til kunngjering i lokalavis i samsvar med slik frist. lnnkallinga vart godkjend.

2. Val av ordstyrar.

Formannen, Johnny Fonnes, vart vald til ordstyrar.

3. Val av referent

lvar Steine vart vald til referent.

4. Val av vitner for underteikning av referatet. Stian Sleire og Leif Jonny Solberg vart valde.

5. Årsmelding fra styret.

Til møtet låg det føre eit notat fra styret på to sider som formannen gjekk gjennom. Etter ein del kommentarer og synspunkt vart årsmeldinga godkjent.

6. Rekneskap for 2006.

Kasserar hadde utarbeidd eit rekneskapsoversyn for 2006 som vart delt ut i møtet. Ved gjennomgang av dei ulike postane vart det reist ein del spørsmål (m.a. om manglande statstilskott for 2006). Kasserar går inn for at alt sal av ammunisjon vert ført inn i ei eiga loggbok på skytebana og han vil tilretteleggja for slik praksis. Rekneskapen for 2006 vart godkjent.

7. Årsmelding fra banenemnda.

På vegne av banenemda gjorde Odd Helge Solberg munnleg greie for hovudpunkta i arbeidet med- og utviklinga av det nye skytebaneanlegget på Hope. Standplass for 200 m er ferdig. For standplass 100 m er mekanisk arbeid ferdig medan elektrisk arbeid står att. For øvrig vart det gjort greie for arbeidet med 15 m. miniatyrbane og diverse sikringsarbeid i nedslagsfelt og langs sørgrensa til feltet.

Banenemda fekk ros for sitt .arbeid.

8. Investeringar.

Formannen bad om årsmøtet si godkjenning til å kunna nytta midlar i 2007 til arbeid på den nye bana. Dette er ei prolongering av årsmøtevedtak 2004 og slik dette er formulert i referatet fra dette årsmøtet.

Årsmøtet godkjende slik prolongering.

9. Val.

På vegne av valkomiteen la Ivar Steine fram forslag til val på personar til dei ulike verv. Framlegget vart delt ut skriftleg.

A. Styre:

Formann Johnny Fonnes

Nestformann Stian Sleire

Styremedlem Johnny Fonnes (ikkje på val) Styremedlem Stian Sleire (vald for 2 år)

Styremedlem Ove Knarvik(vald for 1 år)

Styremedlem Leif J. Solberg (ikkje på val)

Styremedlem og kasserar Tor Ronny Kolås (vald 2 år som styremedlem og 1 år som kasserar)

B. Administrasjon.

Ungdomsutval: Tor Ronny Kolås

Banenemnd: Frode Pedersen Odd H. Solberg Leif J. Solberg

Presseansvarleg: Johnny Fonnes og Stian Sleire

Valnemnd:. Kjell Sundfjord har meldt fra at han ønskjer gå ut av valnemda. Styret viI finna ein ny kandidat. Ivar Steine held fram eitt år til.

10.Kontingent.

Kontigenten blir uendra i 2007.

Bventuelt:

1. Ny skytebane (tilleggsbane).

Det er kome framlegg om 6 m utviding av standplass mot nordvest som viI gje plass til ei ny bane (t.d. salonggevær).

Vedtak: Ein vurderer vidare planar med saka.

2. Opning av bana i samband med trening.

Vedtak: Ein arbeider for å få dette til så fort som råd er.

3. Heimeside DFS.

Formannen har allereide gjort tiltak med dette.

4. Det kom fram synspunkt på at informasjon mellom styret og medlemmane i skyttarlaget måtte bli betre,- m.a. ved at terminliste og referat fra årsmøtet blir sendt ut. Samstundes kan ein også (på eit tidleg tidspunkt) senda ut kontigentkrav til medlemmane. Styret viI vurdera saka.

Kjeilegavlen, den 19. febr. 2007.

Ivar Steine

referent

vitne

Stian Sleire Leif J. Solberg

 


Referat frå årsmøtet i Lindåsneset skyttarlag.

Forslag til logo, tegna av "lokal" kunstner !

Styret i skyttarlaget 2007.